Me søkjer ein ny mekanikar til vår avdeling på Voss. Me held til i heilt nye lokaler på Palmafossen og har ny flott moderne butikk og verkstad, i europeisk Toyota standard. Me håpar du vil vera med på laget vårt.

I stillingane vil du læra Toyota å kjenna. Du vil bli kjend med Toyota sin servicefilosofi, som krev at alle tilsette har kundeservice i hjarta og hovudet.

Me søkjer ein mekanikar som har røynsle frå bilverksemd, fagbrev som mekanikar og som veit kor avgjerande kvalitet og god service er. Du er omgjengeleg, løysingsorientert og glad i menneske.

Hjå oss legg me stor vekt på et godt arbeidsmiljø, verdset høgt personlege eigenskapar som godt humør, positiv innstilling og god samarbeidsevne. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår med pensjons- og forsikringsordning, gode arbeidstilhøve og godt miljø. Me har bedriftshelseteneste og firmahytte.

Om arbeidsgiveren

Jæger Automobil AS er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus.
Selskapet er lokalisert i Bergen, Sotra, Voss Norheimsund, Haugesund, i Lindås og Dimmelsvik.
Jæger Automobil konsern har 240 tilsette og ein årleg omsetnad på 1,5 milliard kroner. Jæger-kundar er særs godt nøgde og har bidrege til selskapet sin leiande marknadsposisjon i Vest Noreg.
Kvalitet og stadig betring er grunnpilarar i Jæger og Toyota sin filosofi. Me set oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir nøgde. Toyota er det suverent mest kjøpte bilmerket gjennom tida i Vestland fylke.

Toyota er verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking

Arbeidsgiver: Jæger Automobil AS

Stillingstittel: Mekanikar

Frist: 15.09.2022

Ansettelsesform: Fast

Kontaktperson: Bjørn Senderud

Telefon: 56 52 30 24

Mobil: 911 11 353

Søk her: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=269260431